AKTUELT
Kva skjer med Aksess?
Dagleg leiar i ABM-media, som gjev ut Aksess, om ståa no.
ABM-media og andre har jobba iherdig for å få på plass ei tilstrekkeleg offentleg finansiering av Aksess.
Skuffande forhandlingsresultat
I budsjettforhandlingane no låg Aksess inne i SV sitt alternative budsjett, men forhandlingane enda med at Aksess heller ikkje denne gongen blei prioritert. ABM-media gjorde klart at me ikkje lenger kan gje ut Aksess utan statleg driftsstøtte.
Det skuffande forhandlingsresultatet betyr at Aksess går inn i sitt siste år – om det ikkje kjem ei uventa positiv vending i finansieringa.
Fortvilande
Med prosjektstøtte frå Kulturdirektoratet og KAI-institusjonane, skal me greia å gje ut tre komprimerte Aksess-utgåver i 2025. Det er det lengste tidsperspektivet Aksess ser ut til å kunna ha med ABM-media som utgjevar.
Sjølvsagt er det fortvilande å måtta gje seg når Aksess på få år har oppnådd ein imponerande høg kvalitet, og er godt likt. Men slik er dei økonomiske realitetane.
På trykk og nett i 2025
I 2025 vil Aksess publisere en del stoff rett på nettsida, eksklusivt for sine abonnentar, samstundes som det kjem ut ei trykt dobbeltutgåve (nr. 1 og 2) i mai og ein tredje trykte utgåve i november.