PRIVATARKIV

Bildet viser en eldre mann med hvitt hår som sitter på en stol. Rundt ham er det tre kvinner som ser i hans retning og ser veldig ivrige ut
Johan Galtung i prat med studentar frå Canada på Framtidsforskerkonferansen.

Korleis arkivet etter ein internasjonal fredsforskar «hamna i Odda»

Arkivet skapt av Johan Galtung.

Publisert Sist oppdatert

Kraftmuseet

Forvaltar om lag 1700 hyllemeter med arkiv. Industriarkivet på smelteverkstomta gjev optimale tilhøve for bevaring. Museet har spesialisert seg på arkiv frå store industriverksemder, og frå lags- og organisasjonsarkiv.

kraftmuseet.no

Sort-hvitt-bilde som viser et murbygg med høye fjell bak. Landskapet er dekket av snø
Transformator- og fordelingstasjon karbid. Industriarkivet.

Det starta med ein telefonsamtale i november 2022.

Men vent – det starta jo mykje før. Det starta med eit industriarkiv i eit gamalt smelteverksbygg.

Men eigentleg starta det heile i 1988, med Odda Industristadmuseum, eit barn av dåverande Odda kommune. Ei stifting med eit stort engasjement for lags- og organisasjonsarkiv, arbeidarkultur og vasskrafthistorie. Etter fleire utvidingar og namneskifte vart Kraftmuseet det nye namnet i 2018, og det er det vi heiter i dag. Industriarkivet er ei avdeling under Kraftmuseet.

Heim til Hardanger?

November 2022. Ein museumsdirektør (underteikna) får ei telefonoppringing frå eit fredsakademi. Ein forsiktig førespurnad om industriarkivet vårt. Ei sondering av terrenget. Eit terreng med reine soner og kontrollert klima, trygge tilhøve for oppbevaring av papir. Eit konserverande miljø der hyller bur. Fulle hyller – og ledige hyller.

Korleis ser de på å ta vare på arkivet etter fredsforskar Johan Galtung?

Eg trur eg sa ja med ein gong. Eit materiale frå ein forskar med livslang tilknyting til Hardanger skulle heim. Men eg sa nok ja på den sonderande måten. Eit avventande «ja», ei stadfesting av noko vi ikkje heilt kjende omfanget av, korkje i fysisk eller immateriell forstand. Ville det verkeleg skje? Ville vi få det til? Det vart framleis mest eit håp, i halvtanna år framover.

Johan Galtung

Johan Galtung (1930-2024) var en norsk sosiolog, samfunnsforsker og offentlig intellektuell, mest kjent som pioner innen fredsforskning, og den første i verden som ble utnevnt til professor på dette feltet. 

Kilde: snl.no/Johan_Galtung

Fredsforsking som fagområde

Galtung hadde 70 år med aktivt og variert arbeid bak seg. Mest kjend er han for å ha utvikla eit tverrvitskapleg fagområde som ikkje fanst då han greip fatt i det – fredsforskinga. Galtung vart tidleg merksam på at «alle» forska på krig og krigsstrategi. Var det verkeleg ingen som forska på fred, på den tilstanden eit sivilisert samfunn gjerne helst var på jakt etter? Dei fann ingen bøker om fred til han då han var i kontakt med hovudbiblioteket i Sverige og sonderte terrenget i 1951.[i]

Er det ikkje gjerne slik at vi får meir av det vi fokuserer på? Er ein stressa, vert det meir stress, for alle. Og ventar ein stadig det verste, som til dømes konflikt, så går gjerne tankeverksemda i negativ retning. Ein kjem fort i forsvarsposisjon der ein kanskje heller burde ha sett etter mogelegheiter.

Lokale kampar

Kanskje fredsforskinga er enda viktigare no, i vår tid, enn nokon gong før?

I Odda har vi ikkje alltid hatt det så fredeleg. I lokale arkiv ligg dokumentasjonen på store og små lokale konfliktar gjennom historia, som «Slaget i skrevet», den vanvitige slåstkampen mellom sosialdemokratar og kommunistar i Odda sjølvaste 1. mai i 1931. Forfattar Jan Gravdal skriv i bloggen sin: Det var som ein lokal borgerkrig med paraplyar og knyttnevar som våpen. (…) Til og med New York Times skreiv om desse tullete og halvville nordmennene som budde på ein plass som heiter Odda.[ii]

Odda har levd gjennom ulike kampar; kampen for og imot riving av ei mellomalderkyrkje, kampen for og imot Vinmonopol og kampen for og imot Unesco-status, for å nemne nokre. Vi sit att med polet. Oddingen veit å uttrykkja meiningane sine, tydeleg og klårt, vanlegvis verbalt – og godt er dét, så lenge ein utviklar eit passeleg tjukt skinn til å tola det.

Ein kan spøkja om lokale kampar, men det er ikkje like lett når ein ser på verda og den tida vi lever i. Store og tilsynelatande uløyselege konfliktar pregar nyheitsbiletet. Usemja verkar uoverstigeleg, og overgrepa som skjer, er store. Det er mest som ein ikkje heilt kan sjå for seg korleis det heile skal gå.

Kanskje fredsforskinga er enda viktigare no, i vår tid, enn nokon gong før? Håpet om fredelege løysingar kan ein ikkje sleppe. Og med dette arkivmaterialet får kanskje vi lov til å bidra, med meir enn ein skjerv, til arbeidet for verdsfred. Det hastar.

Sort-hvitt-bilde som viser en folkemengde i et bybilde. De er pent kledd. Det er noen faner og flagg der.
«Slaget i skrevet» var ein slåstkamp mellom sosialdemokratar og kommunistar i Odda sjølvaste 1. mai i 1931. Biletet er teke rett før slaget bryt laus.

Vi er spente på å ta fatt på arbeidet med å ordna og registrera 28 kassar arkiv. Kva som ligg i desse dokumenta, veit ingen.

Frå Alicante til Odda

Det begynte med ein telefon, eit «ja» og materialiserte seg i ein avtale, som Johan Galtung rakk å underteikne medan han levde. Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø skulle få arkivet i gåve, og det skulle takast vare på og formidlast av Kraftmuseet, varig.

Slik det høver seg når ein har fått ei så stor og viktig gåve, må den hentast. I dette tilfellet i Spania. Det vart ei krevjande øving, med mange involverte partar, midt i sommarsesongen, men vi fekk det til, ved hjelp av alle gode krefter.[iii]

Arkivet vart sirleg pakka ned og køyrt i varebil gjennom Europa, frå Alicante til Salhus for frysehandsaming hjå Bevaringstenestene, og sidan til Odda, med endeleg destinasjon Industriarkivet, 5. juli 2024.

Anerkjend og omdiskutert

Galtung rakk å verta respektert og anerkjend for metodearbeidet sitt for fred, spesielt i utlandet. Han rakk òg å verta omdiskutert og få eit stempel som kontroversiell, særleg i Noreg.[iv] Som museum er vi forplikta til å jobba for dialog og frie ytringar, og arkivet skapt av Johan Galtung er ei demokratisk fjør i hatten for oss. Arkivet utgjer samstundes ein inngang til nye kontaktar nasjonalt og internasjonalt, til nye samarbeid med fagmiljø og nye forskings- og formidlingsprosjekt.

Vi er spente på å ta fatt på arbeidet med å ordna og registrera 28 kassar arkiv. Kva som ligg i desse dokumenta, veit ingen. Vi gler oss til vi er komne så langt at vi kan ta imot forskarar, studentar, skribentar og andre og formidla det vi finn på papiret og mellom linjene, i det landskapet som er gøymt i mapper og permar, i dokument og i bøker, gjennom kamp og i håp, i det som utgjer eit heilt liv, levd, samla og sortert av Johan Galtung sjølv.

Hardangerakademiet

Hardangerakademiet, nordisk senter for fred, utvikling og miljø skal driva informasjon, undervisning og prosjekt om fred, rettferdig fordeling og økologisk bærekraftig utvikling og konfliktløysing både mellommenneskeleg og nasjonalt.

Sluttnoter

[i] Galtungs metode for fred. Skrifter fra Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø. Red. Susanne Urban, 2020. Side 22: Ingenting om fred på hovedbiblioteket!

[ii] https://oddajangen.wordpress.com/2015/04/23/det-store-slaget-i-odda/

[iii] Forprosjekt Arkivet skapt av Johan Galtung (Kraftmuseet) er støtta økonomisk av Fritt Ord, Sparebankstiftinga Hardanger og Ullensvang kommune

[iv] Galtungs metode for fred. Skrifter fra Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø. Red. Susanne Urban, 2020. Side 17: Urokråke for fred – Galtung i samfunnsdebatten

Powered by Labrador CMS